Firdaposten 24.07.2023
Ocean Electronics dobla omsetninga:- Vi tilpassar oss marknaden
Vekst: - Marknaden i Noreg har endra seg. Tidlegare hadde vi stor aktivitet knytt til nygbygg, no dreiar det seg mykje om utskifting av utstyr og service på seglande båtar, fortel dagleg leiar John Sigurd Solberg.
Den tradisjonsrike florøbedrifta som har spesialistar på skipselektronikk leverer gode tal for 2022. Dei dobla driftsinntektene og runda 83 millionar kroner. Driftsresultatet ende på 3,7 millionar.
Bakgrunnen for auken i omsetning har med oppkjøpet av bergensfirmaet Westronic AS som vi gjorde i fjor. No er vi til stades i Måløy, Florø og Bergen, med rundt 25 tilsette, fortel dagleg leiar John Sigurd Solberg.
Har vakse seg store
Han er tredje generasjon i selskapet og overtok som dagleg leiar i 1990. Då var firmanamnet Sigurd Solberg AS.
I 2000 omsette dei for 32 millionar kroner. Dette var inkluderte brune og kvitevarer som seinare vart skilt ut i eige selskap. Dei gjekk inn i Elkjøp-kjeden og gjennom selskapet Elkjøp Fjordane AS har dei fem butikkar som til saman omset for over 200 millionar kroner.
I 2018 slo Sigurd Solberg AS seg saman med Måløy Radioforretning AS og skifta namn til Ocean Electronics AS.
Marknaden i Norge har endra seg. Tidlegare hadde vi stor aktivitet knytt til nybygg, no dreiar det seg mykje om utskifting av utstyr og service på seglande båtar. Denne marknaden har vi alltid satsa på, og spesielt dei siste åra.
Solberg beskriv bransjen som smal og spesialisert. Dei har no jobba seg opp til å bli ein av dei større aktørane her i landet.
På jobb ute i verda
Det er alltid konkurranse om oppdraga, men vi har òg mange faste kundar som nyttar oss, sidan vi ofte kjenner fartøya.
Å knyte til seg fagfolk er noko dei jobbar med heile tida og per i dag har dei ledige stillingar som teknikarar på alle dei tre avdelingane sine.
Vi har kontraktar med reiarlag som seglar over heile verda og då koordinerer vi serviceoppdrag for dei. Nokre gonger kjøper vi tenester av kollegaer ute i verda, elles så reiser vi ut sjølve og gjer jobben. Dette har tatt oss på reise til Australia, Canada og fleire plassar i Europa, og også Asia. Vi må tilpasse oss kundane og marknaden som stadig er i endring, avsluttar Solberg.